Ei båtlengde føre

Øykommunen Herøy på Sunnmøre er med sine knappe 9000 innbyggjarar ikkje blant dei største i landet, men det dei manglar på storleik tek dei gjerne igjen ved å vere litt føre på teknologifronten – eller som kommuneslagordet seier: Ei båtlengde føre.


Herøy tok i bruk geografiske verktøy frå Geodata/Esri i 2016 og har sidan då spesielt gjort seg nytte av den meir innovative teknologien vertøya byr på. Dei har blant anna skaffa seg ei drone og bruker denne til å skaffe seg ferske bilete av områder, bygg og vegar der det er behov. Innsparinga kom kjapt og den verkelege verdien fekk dei ved å bruke verktøyet Drone2Map for å prosessere bileta frå drona. Slik kan dei enkelt lage seg svært detaljerte kart både i 2D og 3D.

Men det stoppar ikkje der for den innovative gjengen i Herøy. Nyleg laga dei like godt ein 3D-modell av områder i kommunen som kan utforskast ved hjelp av VR-briller. Geografisk programvare var sjølvsagt sentralt her og.

Ulike geografiske analyser for kjøretid, parkering og terreng er eit anna område der programvaren er til god hjelp i kommunen. Vi gler oss til å sjå kva det neste prosjektet til Herøy er!

Ønsker du mer informasjon, pris, demo eller bare en uforpliktende kaffeprat? Ta kontakt!



For teknisk support, gå til våre supportsider.

Knut Fredrik Sæther
Knut Fredrik Sæther
Kundeansvarlig

For teknisk support, gå til våre supportsider.